View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Svaret er vel at det skjer ikkje. Monarkiet framstår som for uproblematisk til at det er ei stor sak. Vi har ein fornuftig konge, som representerer landet på ein god måte. Svenskane har vore litt mindre heldige i så måte. Kostnadane tli president vil neppe vere mindre enn for eit monarki, og monarkiet har null politisk innflytelse. Kort sagt er det utelukkande prinsipielle grunner til å avskaffe monarkiet.

Kongehuset er relativt godt likt av folk, og det er ingen parti som legg veldig mykje energi i å avskaffe monarkiet - fordi det enkelt og greit ikkje er ei stor sak. Eg ser for meg at den mest trulege grunnen til at monarkiet forsvinn er at kronprins Håkon sine unger ikkje vil overta trona - eller at nokon i kongefamillien abdiserer og indikerer at tida har løpt ifrå monarkiet. Eller at vi får en rape gal konge, som åpenbart ikkje representerer landet på ein god måte. Det kunne jo vore tilfellet om Märtha Louise hadde vore kronprinsesse...