View Single Post
Trådstarter
31
Sitat av mentalmelt Vis innlegg
Kan du gi noen konkrete eksempler på hvordan informasjon herfra har vært nyttig for deg?
Vis hele sitatet...
Eit par eksempel frå i dag var ein tråd her inno om preferanser ang benzo, eg vart faktisk overraska over at Imovane var førstevalget til fleire. Imovane er eit legemiddel som dessverre alt for mange står på fast, kanskje spesielt damer frå 50-60 år og oppover. Eg har fleire på mi liste som har brukt Imovane i 5-10 år og enkelte lenger enn det. Effekten på søvn mister ein i løpet av få veker, problemet ved seponering er at ein får ein rebound-effekt som gjer at ein i alle fall ikkje får sove uten Imovane. Ergo opplever fleire at "dei må ha" Imovane for å få sove og det er eit helvete å få dei av det.

Så er det eit spørsmål om det er så farlig at bestemor står på Imovane 7,5 mg kvar kveld, fleire leger eg har vore borti har vore litt sånn "kan ikkje ho berre få ha det, ho er så gammel" som eg synes blir ei ansvarsfråskriving, spesielt sidan vi har dokumentasjon på at langvarig bruk er skadelig:

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC4890308/

Eit anna eksempel var ein diskusjon med ein annan lege som meinte Dolcontin var bedre langtidsbehandling for ein smertepasient enn Oxycontin depot. Dette stussa eg over mtp at Dolcontin har kortare halveringstid, det er også svært sjelden eg ser at sjukehusleger skriver ut Dolcontin - det er som regel Oxycontin/Oxynorm som er førstevalget dersom ein må bruke A-preparat (som regel berre etter traumer eller hos kreftpasienter). Då er det nyttig å gå inn her for å sjå kva freak-brukere opplever gir størst ruseffekt. Ruseffekt er åpenbart ei uønska bivirkning hos smertepasienter.

Sitat av Taxidriver Vis innlegg
Hva er egentlig formålet med denne tråden? Skal du skremme freakere fra å diskutere legemidler/leger? Vise at dere leger følger med på forskjellige forum?

Ser bare ikke helt poenget.

Vil bare avslutte med å si at leger er bare folk det også. Noen er veldig flinke, noen er helt greie og noen er noen skikkelige duster. Akkurat som oss vanlig dødelige.
Vis hele sitatet...
Formålet var dessverre såpass barnslig at eg ville sjå kva reaksjon eg fikk om eg la ut eit innlegg. Dessuten var eg nysgjerrig på om brukere her reflekterer over at helsepersonell også er inne og leser. Eg ser eg var litt "smug" i innlegget og beklager det, det var eit innfall, ingen agenda utover det.

Eg trur det er bra at Freakforum fins så folk kan diskutere rusmidler og legemidler uten å føle seg overvåka eller måtte vere forsiktig med kva ein seier. Det er skrive fornuftige ting her, for eksempel i ein annan tråd der ein som har brukt benzo i lang tid og ønsker å seponere får råd om å kontakte lege for å få elektiv innleggelse for avrusing. Det er godt å sjå.

Det er dog tidvis ukritisk forherligelse av misbruk av både rusmidler og legemidler, det synes eg er problematisk. Eg er fastlege for fleire som sliter med misbruk eller har hatt langvarige problem tidligere. Personer frå 30 til 60 der ein har mista jobb, kontakt med familie, barnevernet har tatt ungane og en har kanskje fått ein hepatitt C på kjøpet. Eg lurer på kor mange av denne gruppa som er aktive på forumet, og om dei kjem med sitt perspektiv på misbruk.

Sitat av TrippyKing Vis innlegg
Litt off-topic, men har ikke den mannen et lite ansvar selv også, for situasjonen han har havnet i? Hva mener du om det? Eller er alt legens feil?
Vis hele sitatet...
Eg trur begge har eit ansvar, spørsmålet er kva informasjon pasienten har fått før han starta opp med legemiddelet og kva ressurser pasienten hadde til å forstå denne informasjonen og eventuelt ta grep etter avhengighet var etablert. Det er gråsoner her, men det er legen som skriver resepten og må ta ansvar for det. Eg har sett skrekkhistorier på feilforskriving frå lege, for eksempel ei småbarnsmor uten tidligare rushistorie som fikk resept på Xanor pga sorgreaksjon etter dødsfall i nær familie. Det gikk ikkje bra.
Sist endret av Clueless; 12. mars 2018 kl. 13:14. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.