View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av vindaloo Vis innlegg
Jeg forsøker ikke å verken blame eller shame de. Jeg sier at andre gjør det.
I følge artikkelen så gjør de fleste i Europa det.
Vis hele sitatet...
Det må sjåast i samanheng med Kina sine politiske ambisjoner.

Tradisjonelt har USA vore dominerande aktør overalt. Katastrofe? Då dukker USNS Mercy opp. Problemer? Send the Marines.

Frå 1945 til nær fortid har USA vore landet som har hatt ressursar til å støtte andre. Dei stilte med milliardar til gjenoppbygging av vesteuropa i 1945. Dei har hatt eit samfunn og ein stat med eit enormt overskot til å støtte saker dei føler for å støtte - og dei har (på godt og vondt) etterlatt seg eit ekstremt fingeravtrykk over heile verda.

Trump har tatt USA i meir isolasjonistisk retning. Sovjet er borte. Det har gitt plass til Kina som stormakt. Du ser det veldig tydeleg i Afrika; store infrastrukturprosjekt, finansiert og gjennomført av Kina. Det er sjølvsagt offentleg korrupsjon - men av det lovlege slaget. Du betaler for å skaffe deg ein stat som alliert.

At dei no utvider det til Europa er ikkje overraskande. Europa er i ein situasjon der vi ikkje har produksjon av mange ting sjølv lenger; det skjer i Europa. Kina har eit visst PR-problem akkurat no, og prøver å bruke produksjonskapasiteten sin for å kjøpe goodwill - omlag som USA gjorde gjennom Marshall-hjelpa i 1945.

Det sagt så er eg usikker på kor mange som skuldar på Kina for pandemien. Eg gjer ikkje det; kanskje kunne dei handtert det betre i starten, men vi ser jo og at Italia ikkje har greidd å handtere det på ein spesielt god måte - så det er ikkje åpenbart at det er eit problem med det kinesiske styresettet - men heller at det ikkje er ein ekstremt farleg sjukdom. Ebola er t.d. mykje enklare å innsjå alvoret i.