View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Dette er forsåvidt ein tanke OT, men likevel relevant på sett og vis.

Det blir snakka om at elevar i vgs skal lære IT, og at dei difor treng laptop. Likavel delar så godt som alle skular ut nedlåste system, der ein faktisk ikkje kan utforske systemet utan å bryte reglar.

Kvifor i alle dagar kan dei ikkje berre stille enkelte krav (t.d ha antivirus og alltid patcha OS), for å så dele ut full lokal tilgang? Så kan folk som greier å hærpe systemet sitt få installere på nytt sjølv, og faktisk lære noko. Slik det er i dag så lærer jo faen ikkje elevar IT; dei lærer kor dei skal trykke for å få feit skrift i word. Å vere ein god IT-brukar i dag handler jo i stor grad om å unngå farar på nettet og slikt, men så beskytta som ein del skulepcar er, så kan jo dei leie folk til å tru at ting er tryggare enn det som er tilfellet.

La folk patche pcen sjølv. La dei installere kva faen dei vil. La dei hærpe systemet om dei vil. Til gjengjeld kan ein sei at slik tilgang blir dradd tilbake t.d dersom ein spelar spel i timane, sprer virus o.l.

Eg er sikker på at det hadde
1: Lagt til rette for meir læring om IT
2: Laga mindre arbeid for IT-avdelinga
3: Langt meir nøgde elevar
4: Mindre problem i form av piratkopiar o.l.

Ein kan heller fråta dei som sprer virus og lagar problem for andre tilgangen. Men gi alle tilgang som standard, slik at folk faktisk lærer noko.