View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Broderbeta Vis innlegg
Fester har det da vært, mange flere enn de som ble media-kjent. Hver gang jeg er på butikk og kjøpesenter klarer jeg å observere minst 1 brudd på reglene, folk driter i 1-meteren, hoster/nyser i hendene og triller handlevogna videre. Og hva med de narkomane som ihvertfall driter i reglene?
Vis hele sitatet...
Det er eit par hakk i argumentasjonsrekka di. For det første har veldig mange delvis immunitet mot influensa, fordi vi har hatt det før. I USA estimerer dei at 10-20% får influensa i eit gitt år.

Dvs. at det skal langt mindre til for å bryte smittekjeda for influensa, enn for Covid-19 - som ingen har immunitet mot i utgangspunktet. Hugs at du ikkje treng at alle er immune for å oppnå flokkimmunitet. Om viruset i snitt - utan immunitet - sprer seg til tre andre, så må mange nok av dei tre vere immune til at veksten stopper opp. Om to av dei tre du elles hadde eksponert for viruset er immune får viruset ein flat vekst - og sprer seg i praksis ikkje. Om 2.2 av dei tre er immune vil infeksjonen ebbe ut - viruset har ikkje nok vertar å spre seg til.

Så det er rimeleg opplagt at det er langt enklare å handtere eit virus vi har delvis immunitet mot, og som i utgangspunktet kun råkar ein femtedel av befolkinga i eit normalår.

Så på kva bakgrunn er det du konstanterer at null influensa framstår som usannsynleg? Har du faktisk tenkt gjennom saka, eller kaster du ut ein påstand utan argumentasjon og tankeprosess bak?
Sist endret av vidarlo; 25. januar 2021 kl. 20:05.