View Single Post
Sitat av ronniba Vis innlegg
Håper ikke der blir for dumt å spørre, men vil ayahuasca hjelpe mot angst og gi en boost i hverdagen og mentaliteten? Har sjeldent angst nå lenger, men kan få det en sjelden gang om jeg røyker for mye.

Har lenge hatt lyst til å gå gjennom en seremoni, men er usikker på hvordan det er for meg.
Vis hele sitatet...
Ikkje dumt å spørja Men eg har ikkje eit ja/nei-svar. Eg opplevde ikkje at ayahuasca var ein angstmedisin, heller at Mor Ayahuasca gav meg oppmoding og eit puff i rett retning i reisa mi ut av sterk angst.

Eg har alltid vore "kopla frå" kroppen min, noko som er typisk for folk med angst: Ein er "i hovudet" heile tida og er redd eller fjern frå kjenslene. Ein kompis eg har kjenner knapt smerte, kulde eller varme. Eg merker ikkje kor stressa eg er til vanleg, men får fordøyelsesplagar og migrene over tid.

Etter dei fyrste nettene med aya oppdaga eg noko merkeleg: Plutseleg kunne eg kjenna at skuldrene stramma seg! Det hadde eg aldri kjent før, sjølv om eg hadde visst at det måtte vera sånn. Det var som eg hadde utvikla ein ny sans.

Sjuande natta lot Mor Aya meg ta ei reise inn i kroppen. Eg hadde hatt sterke fordøyelsesplagar i dagesvis. Rettleiarane sa "Når sinnet er forvirra, veit kroppen." Då eg sat der og spydde gjekk det plutseleg opp for meg at spyrefleksen er noko av det mest "kroppsorienterte" eg opplever. Det nyttar ikkje spy på ein intellektuell måte.

Dermed byrja eg verkeleg å kjenna etter korleis eg hadde det medan eg var kvalm og spydde. Etter kvart opplevde eg at eg var i eit rom som var varmt, raudt og mørkt…eg var i kroppen min, svøpt i dei indre organa mine.

Det eg opplevde, og kjensla av å vera trygg i og saman med kroppen, har eg enno med meg. I tida etter vart eg oppteken av å bli kjent med kjenslene som kroppen gjev meg. No er det ein av dei viktigaste måtane eg taklar angsten på, og det forandra heilt på korleis eg mediterer og er saman med andre.

(Det er slike opplevingar som gjer at eg tykkjer oppkast er ein verdifull del av ayahuascaseremonien! )

Kort og godt vart eg betre kjend med meg sjølv og kroppen min. Og det hjelper meg å leva med angsten.
Sist endret av Stor gutt; 28. juli 2018 kl. 17:36. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.