Tråd: Rasister
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Sanjar Vis innlegg
Enkelt.

https://nypost.com/2016/05/19/city-i...nder-pronouns/

"Employers and landlords who intentionally and consistently ignore using pronouns such as “ze/hir” to refer to transgender workers and tenants who request them — may be subject to fines as high as $250,000."
Vis hele sitatet...
Nei, for her er du over i territoriet diskriminering. Dvs. at dine handlinger går utover nokon. Å skrive eit meiningsinnlegg i New York Times om personlege pronomen og kjønn vil ikkje vere råka av det. Det er på ingen måte kriminalisering av det å ha meininger.

Du står fritt til å meine det du måtte ønske, men om du samhandler med andre mennesker forventer samfunnet at du har eit minimum av anstendigheit.

The updated regulations are meant to address “situations in which individuals intentionally and repeatedly target transgender and gender non-conforming people with this type of harassment,” Commission spokesman Seth Hoy told the Post Thursday.
Vis hele sitatet...
Frå artikkelen du lenka til.

No er eg ikkje nødvendigvis fullstendig einig i at slik lovgiving er velegna og rett, men den er heller ikkje det du påstår den er.
Sitat av Sanjar Vis innlegg
Det jeg sier er riktig. Dette er policyen til youtube:

Hate speech is not allowed on YouTube. We remove content promoting violence or hatred against individuals or groups based on any of the following attributes:
[...]
Hvis du mener noe ufordelaktig om noen av disse offergruppene, kan du lett bli rapportert og innholdet ditt tatt ned, og kontoen sagt opp.

Twitter, facebook og instagram er tilsvarende samkjørt.
Vis hele sitatet...
For det første er ikkje meiningsinnlegg hatretorikk. Det er rimeleg stor skilnad på hatretorikk og meiningsytringer, og det er eit skilje som er rimeleg enkelt. T.d. er det lovleg å argumentere for at ein bør gjeninnføre jødeparagrafen i grunnlova, men det er neppe lovleg å skrive til ein jøde på facebook at vedkommande bør komme seg til helvete ut av landet fordi han er jøde.

For det andre, så handlar ytringsfridom i essens om at staten ikkje forfølgjer deg på grunn av meininger. Ikkje at nokon gir deg eit mikrofonstativ. For å settje det på spissen; for tredve år sidan hadde mannen i gata stortsett eitt mikrofonstativ: debattspaltene i avisene. Dei avviste meir enn dei tok inn, delvis grunna volum, delvis av andre årsaker. I dag har vi eit vell av andre kanaler.

Det er og delvis fortsettjing av det første punktet; skilnaden på hatretorikk og meiningsytringer er stor. Det er stor takhøgde i samfunnet for å meine rare ting, utan at folk reagerer spesielt på det, men når du bikkar over i hat, så innskrenkar du samtidig andre si ytringsfriheit. Det er ein chilling factor å verte utsett for hatprat når ein opnar kjeften, så samme mekanismen som du hevdar deg utsett for verkar og motsett veg; ein balansegang er då å prøve å sanksjonere hatprat, men tillate meiningsytringer.

Om amerikanske nettfirma har treft i den balansegangen er forsåvidt ein interessant diskusjon, men litt på sidelinja.