View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Qon Vis innlegg
Senere kan jeg etterprøve funnene mine på en mer vitenskapelig måte, men jeg vil utarbeide hypotesen først.
Vis hele sitatet...
Nullhypotesa di vere at aliens ikkje har besøkt jorda. For den motsatte antakelsen er ikkje falsifiserbar. Tilsvarande: du vil aldri kunne motbevise at eg kan fly ved å flakse med armane. Du kan konkludere med at det er svært usannsynleg, men du vil aldri kunne motbevise det. Eg vil derimot veldig lett (gitt at eg faktisk kan fly ved å flakse med armane) kunne motbevise deg om du påstår at eg ikkje kan fly på det viset.

Svært mykje av argumentasjonen din spring utifra at du ikkje forstår ting, og ergo aliens. Det er heller ikkje spesielt interessant utgangspunkt. For å ta ei samanlikning: eg har ei teknisk utdanning - men eg er ute av stand til å forstå korleis vi mennesker kan produsere dagens CPUer, som er monumentalt komplekse, og antakeleg så komplekse at ingen enkeltpersoner forstår fullt ut korleis dei fungerer. Men det vil ikkje sei at aliens har produsert dei for oss. For det er ei lang historie som viser utviklinga steg for steg. Tilsvarande utvikling ser vi med t.d. pyramider; forsøk, t.d. den skeive pyramiden. Forsøk som den skeive pyramiden er åpenbart unødvendig om du har omfattande kunnskaper om materialer, slik aliens som kan krysse interstellare distanser.