View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Arex_x Vis innlegg
"I hope the Democrats..."
Hva tror du dette betø? Hva tror du Trump mente med dette?
Vis hele sitatet...
Sukk. Du kan alltids plukke ut ein enkelt tweet, og konstantere at den ikkje er spesielt problematisk. Om det var den einaste ville det vore heilt rett; det ville ikkje vore ei stor sak.

Men det er ikkje den einaste. Trump har sidan 3. november hevda han vann. Han nekta fram til 7. januar å anerkjenne Biden.

I forkant av 6. januar var teksten "Be there. Will be wild!". Det må tolkast inn i resten av forteljinga han har bygd opp; eit statskupp utført av demokratane, med assistanse frå delstatane.

Legg til talane han har halde. Kva med denne? We will stop the steal - sagt timar før kongressen vart storma. Han sto timer før og hevda han vann stort. Snakkar om stop the steal.

Om du ikkje er villig til å kalle det oppfordring så konstanterer eg at du ikkje vil sjå. Du vil ikkje sjå kva Trump i realiteten held på med, og du lukkar auga så godt du kan for ein totalitær leiar.
Sitat av Arex_x Vis innlegg
Jeg tror det er kun du og folk som hater Trump som hører fløyta.
Vis hele sitatet...
Ja, og dei som faktisk storma kongressen då. Om du les på t.d. thedonald.win er ganske mange av dei pissed fordi dei føler seg dolka i ryggen av Trump i etterkant.

Det er ikkj emangel på folk som har sagt nøyaktig det eg seier over. Nasjonale medier i USA har hatt liknande analyser på kommentarplass i fem år. Trump kan ikkje hevde at han ikkje kjenner til risikoen.

Og når det kjem til resten av innlegget, så får eg berre repetere at whataboutism ikkje er veldig spennande. Seriøst. Kutt det ut. Temaet er Trump, ikkje korleis x eller y oppførte seg ved hending z. Lag ein eigen tråd om du vil diskutere det.

Men for å snu på det: trur du at storminga av kongressen hadde skjedd dersom Trump ikkje hadde legitimert det ved kvar einaste korsveg - ved å halde tale for demonstrantane, ved å nekte å anerkjenne Biden, ved å nekte å godta valresultatet, ved å ikkje ta tydeleg avstand frå Qanons og Proud Boys?
Sist endret av vidarlo; 9. januar 2021 kl. 12:45. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.