View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av celticwiz Vis innlegg
Fordi man skal tenke lengre en egen nese. Mer og mer blir digitalisert og da mister folk jobbene. Se på mye industri og på Posten f eks. Nå butikker. Snart buss og t bane.
Vis hele sitatet...
Det er ein kontinuerleg trend. Dampmaskina gjorde muskelkraft mindre verdt. Biler gjorde mange jobber overflødige. Traktoren gjorde mange jobber overflødige.

Lista er lang. Mekanisering og automatisering har endra arbeidsmarkedet radikalt, og veldig mange av jobbane i dag var ikkje tenkelege for femti år sidan. Trenden er at arbeid vert mindre verdt, og produksjonsmidler meir verdt.

Men å forsøke å kjempe imot det trur eg er meiningslaust. Teknologi har, sidan dampmaskina kom, aldri vorte dårlegare. Tvert imot; det som var doktorgrad i går er bacheloroppgåve i dag, og pensum i ungdomsskulen til neste år.

Eg er tilhengar av å endre skatteregimet, frå dagens, der det er skatt på arbeidsinntekt, i ei retning der det er større skatt på produksjonsmidler, nettopp for å utjamne den skilnaden. Men eg har nada tru på å forsøke å halde tilbake framgang. Eller trur du det er i nærheten av realistisk å forsøke å få folk til å sende papirbrev framfor e-post?