View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Mefibon Vis innlegg
Ja desverre og sjokkerende nok går de fleste fri med henleggelse nettopp fordi det ikke kan bevises at vold er brukt og siden bare en av ti voldtatte anmelder er det mildt sagt mange voldtektsmenn som går blandt oss "vinnende".
Etter at de innførte samtykkeloven i Sverige har det ført til 75% flere dommer! At bare 1% blir dømt her er et overgrep i seg selv så å si...
Vis hele sitatet...
Kvifor repeterer du påstanden din om vald? Som påpeikt over er det ein misforståelse frå di side.

Når det kjem til tal domfellelsar så er eg absolutt einig i at det er problematisk, men eg trur ikkje nødvendigvis på at endring av straffbarhetskrava vil gjere så ekstremt stor skilnad der. Kvifor kan du lese i tidlegare innlegg i tråden om temaet.
Sitat av Mefibon Vis innlegg
Var nylig en sak om ei som tok selvmord pga politiet ikke tok ut siktelse etter voldtektsparagrafen men foreslo å ta ut siktelse på den andre paragrafen som bare gir et år..
Vis hele sitatet...
No har eg ein liten mistanke om kva sak du snakker om, og utan at eg vil gå i detalj om det, så var det vel meir enn akkurat det som låg bak, sjølv om det gjerne var utløysande grunn. Eg har ikkje til hensikt å polemisere mot ein død person sitt sjølvmordsbrev. Det er i overkant makabert.
Sitat av Mefibon Vis innlegg
Og hennes sak er ikke unik hverken juridisk eller den tragiske enden på visa med selvmord pga overgrep. Er det noen som bør få høyere straffer er det dem! .. Endring av lovverket er viktig der! Hun jenta brukte de siste månedene i livet til å jobbe for samtykkeloven og møtte Stoltenberg og andre politikere.
Vis hele sitatet...
Straffenivået for valdtekt til samleie, er altså frå 3 år og oppover. Det er antakeleg strengt nok til at det ville hatt relativt stor normativ og avskrekkande effekt - om folk vart tatt.

Delvis trur eg og i mange gråsonetilfeller at mildare straff vil vere eit gode. Folk gjer feil, og i somme tilfeller det kanskje objektivt sett valdtekt - utan at eg vil påstå at det er verdt å straffe med tre års fengsel. To fulle sekstenåringer som roter på fest. Det er fort penetrering med fingre - og valdtekt til samleie, ergo minimum tre år etter lovverket. Men er det ei rimeleg straff, for det som kanskje gjekk litt langt?

Eg prøver ikkje å orsake valdtekt, eller hevde at det ikkje er eit problem, men eg trur lågare straffer for ting som er i gråsone, kunne ført til at fleire vert dømde for gråsoner. I teorien skal retten ha samme beviskrav i ei sak om ti tusen i forelegg og tre års fengsel, men i realiteten er det neppe tilfellet.

Men om fleire fekk ti tusen i forelegg for ting som var litt over streken, ville det kanskje hatt ein normativ effekt? Tre års fengsel kan potensielt og gjere det vanskeleg å anmelde - for det som begge kanskje er einige om at gikk for langt, og var galt, vert brått spørsmål om årevis...