View Single Post
Skal studere no til hausten, og har lest mange artiklar om at det er lurt å ta maksimalt med studielån sjølv om man ikkje treng så mykje. Stort sett blir det då anbefalt å sette overskotet på ein Høgrentekonto. Er detta noko som lønnar seg enno? Beste tilbodet eg fann var TFbank med 2.05% mnd, men lånekassen sine renter ser ut til å ligge høgare?

Kan legge til litt kontekst som kanskje er til hjelp; Eg blir buande på hybel (2900 mnd+straum), får stipend (3900 mnd) og har ordna med deltidsjobb. Lånet utanom blir då på ein ~3000mnd. Sidan eg bur billig, er relativt økonomisk fornuftig mtp mat etc så reknar eg med å kunne sette av ein del til sparing. Blir dog litt utgifter til bil (bensin, forsikring, års avg, vedlikehold)

Eg ynskjer ikkje å sette av på BSU sidan dei pengane ikkje vil vere tilgjengeleg til anna en kjøp av hus/leiligheit.
Nokon med input/råd til ein løk på veg inn i vaksenverda?
Sist endret av Spørsmåltegn?; 31. juli 2017 kl. 01:16.