View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Jeg er komisk Vis innlegg
At dere ikke gidder se en video fordi den utfordrer deres ståpunkt får være deres problem, men da kan dere også trekke unna diskusjonen enn så lenge. Solarfields kan ikke gjengi i ord her på forumet det en lang video viser i form av bilder og videoklipp. Men jeg skjønner ikke at du gidder Solarfields, folk som disse foretrekker å gå sammen og angripe deg heller enn å gi informasjonen du kommer med en sjans uansett
Vis hele sitatet...
Fin stråmann. Les gjennom diskusjonen. Eg, provo og myoxo - og andre - har komt med samanhengande argumentasjon. Det har eg ikkje lagt merke til frå hverken deg, solarfields eller dorullnisse. Stortsett har de vore opptatt av metadiskusjon og å slenge ut påstander, og repetere påstandane i møte med kritikk.

I så måte vil det gjerne komme overraskande på enkelte at dette er ein skriftleg diskusjon, der det er rimeleg lett å lese tilbake kva dei ulike partane har sagt. Å forsøke å jukse med denslags er, som myoxo har hinta om tidlegare, litt dødfødt.

Viare så er video lite kompakt medium. Det er overlegent i somme situasjoner, men svært ofte kan ting oppsummerast i ei setning som tar meg tredve sekund å lese, versus ein video som tar ti gongar så lang tid.

Viare så har eg ingenting imot å oppsøke informasjon eg ikkje er einig i - men eg gidd på ingen måte å bruke lang tid på å sjå videoer som ikkje gir meg noko. I tillegg er video knotete å sitere og kritisiere, samanlikna med tekst.

I tillegg er det ikkje som om nokon oppsøker hverken deg eller solarfields og ber om videoer. De deltar i ein debatt, og som mentalmelt har vore inne på er alminneleg kutyme då at ein faktisk debaterer - og argumenterer for sine meininger. Det har eg ikkje sett spesielt stor vilje til; tvert imot tyr de påfallande fort til offermentalitet - både du, solarfields og dorullnisse.

I så måte er tråden strålande lesing. Den belyser (ufrivillig) egotrippen ein god del truthere er på - og den totale kunnskapsmangelen - både når det gjeld fysikk, tekstforståelse og logikk som ligg bak.

Du vil sikkert ta det som eit personangrep. Det er det forsåvidt, men det er basert på innhaldet de har produsert i tråden - og er ei subjektiv vurdering frå mi side. Å bli bedømt ut frå påstander ein ytrer må ein faktisk akseptere når ein vel å delta i ein offentleg debatt.