Og tingen er at det er uinteressante innvendinger.
For det første er det ingenting som tyder på at det er ein reell effekt. Såkalla eloverfølsomme har ikkje greid å påvise elektromagnetiske felt, sjølv om dei hevdar dei vert sjuke av det, og kan kjenne når det er påskrudde mobiltelefoner i nærleiken. Som
Folkeopplysningen demonstrerte har dei tvert imot ein påtakeleg motvilje mot å demonstrere dei påståtte evnene sine. Det er heller ingen kjent verknadsmekanisme som kan føre til det som vert påstått. Som eg nemde over: Sola bombaderer jorda med 1kW/m^2 elektromagnetisk stråling. Deler av den strålinga er ioniserande, altså skadeleg. Det er ingenting som tyder på at RF, som har mykje mindre energi - både i feltstyrke (nanowatt-mikrowatt per kvadratmeter) og i bølgelengde (gigahertz versus terahertz) skal ha skadelege verknader.
For det andre er ingenting unikt med 5G. Frekvensane er i dag i bruk til andre ting, og paradoksalt nok vil 5G føre til mindre RF, ettersom du kan overføre meir data på samme tid. Det vil sei kortare burst med data.