View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Einherjar
Haha, ja det med at laptoper suger på wirelesskortet er jeg fullstendig klar over. Men jeg regna liksom med at uansett så sender ikke accesspunktet ut 200m. Og jeg veit ikke rekkevidden på en vanlig repeater heller så...
Vis hele sitatet...
Poenget er at du sender mot AP'et veldig direksjonelt. Laptopen sprer dei 100mW som er tilgjengelig 360°. Ei god pringles-antenne sprer det kanskje på 20°. Dermed får du større effekt på utgåande signal, slik at dei vanlege antennene på ruteren fanger opp signalet godt nok.

Mottaket blir forbetra ved at andre ting i 2.4GHz bandet ikkje like lett kjem til antenna. Fordi den berre tek imot på eit smalt felt, slepp du støyen frå dei andre 340° rundt deg. Dessuten vil den fokusere til ein viss grad, slik at RF-energien som treff opningen på pringlesantenna også treff antenna. I ei rundstråleantenne vil også delar av RF-energien som kjem inn bli reflektert vekk i større grad enn ei direksjonell antenne. Difor fungerer det.

Det optimale er sjølvsagt gode antenner i kvar ende, men når ein ikkje har det...

Du kan ikkje vente deg übergod hastighet på 200m avstand, men eg trur definitivt du kan få rell hastighet på opp mot, om ikkje over, 1Mb/s, som burde holde plenty til alt unntatt nedlastinger.