View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Forøvrig er markedsføringa til Forvaltningshuset pill råtten. På wikipedia skriv dei artikler om sin styreleiar, og eige firma. Det er i grenseland for kva wikipedia tillet.

I tillegg kom altså stockbroker94 dragande med følgande utsagn: "Forvaltningshuset er den største uavhengige formuesforvalteren i Norge, og har ca 5 milliarder under forvaltning. " Den observante lesar vil kanskje sjå at det er omtrent ord for ord det Tore Malme skriv på wikipedia. Legg og merke til snodige vendinger som 'våre lokasjoner' i ein leksikonartikkel.

I tillegg er ikkje stockbroker94 bekjent av folk som er involvert i forvaltningshuset A/S,. slik vedkommande hevdar... Vedkommande jobber for Forvaltningshuset. Tør vi minne om markedsføringslova, som krev at reklame skal vere tydeleg merka, stockbroker94?

Det framstår ikkje som så veldig seriøst. Spesielt ikkje når stockbroker94 bruker hersketeknikker mot dei som påpeiker at det er påfallande.

Men ikkje for det. Større firma har gjort liknande feil!
Sist endret av vidarlo; 23. desember 2017 kl. 01:56.