View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
I dag skriv NRK Sogn & Fjordane at flyplasstilsette har slutta pga. tåpelege sikkerheitsreglar, og dreg m.a fram væskeforbudet som idioti.

Ein annan som skriv mykje om dette er Bruce Schneier.

Eg deler forsåvidt det synet Schneier står for: ved å skjerpe sikkerheta på eit punkt flyttar ein terroristane sitt fokus til eit anna punkt, som vi ikkje har sikra oss mot. Det blir variant av det kjente spelet Whack-a-mole, som etter mi meining er omtrent like underhaldande som runking med sandpapir.

Andre eksempel er jo det idiotiske fokuset på folk som nevner ordet bombe i sikkerhetskontrollen - greit nok, det er totalt idiotisk å gjere det, men det er endå meir idiotisk å bruke det som indikator for noko. Det er jo trossalt ikkje tilfeldige amatører som er det antatte problemet, men terrorister som har gjort heimeleksa si. Vi kan vel difor gå ut i frå at dei ikkje er så blåst at dei babler i veg om bomber?

Dessuten så er slike idiotiske sikkerhetstiltak å la seg terrorisere. Formålet med terrorisme er å skremme, og ved å innføre slike tiltak demonstrerer vi klart og tydleg at vi let oss skremme. Kvifor held vi på med slikt då? Kvifor viser vi ikkje at vi er modige og tør å bruke pengane på ekte sikkerhet, istaden for whack-a-mole? Kvifor brukar ikkje vi pengane på potensielt nyttige ting, slik som å køyre all innsjekka bagasje gjennom et vakuum-kammer for å detonere eventuelle bomber som er innstilt på å gå av ved lavt trykk? Det vil neppe koste så forferdeleg mykje pengar, men vil vere rimeleg effektivt. El Al, israelske flyselskapet, gjer dette.

I heile tatt: El Al har hatt et reelt problem med terrorisme ombord i sine fly, fordi dei er /flag carrier/ for ein kontroversiell stat. Dei har innført pansra cockpitdører som kun kan opnast frå innsida, slik at kapringer blir vanskelig. Dei har nytta/nytter undertrykkskammer, og har blitt kapra _kun_ en gang, trass fleire forsøk enn dei fleste andre flyselskap.

Men pansra cockpitdører er ikkje blitt påbudt i norge, eller andre land. Ein grunn eg har høyrt for dette er vekta og kostnaden. Så prisen, som i det tilfellet må betalast av flyselskapet, blir for høg. Men å bruke milliarder på sikkerhetsteater er ok, så lenge staten betaler...