View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Steven Novella har skreve ein artikkel om forskninga på medisinsk marijuana. Kort sagt er oppsummeringa has at forskninga ikkje gir spesielt godt belegg for medisinsk marijuana i dag.

Om ein ser på nettsida omtalt i tråden, kjem dei med følgjande:


lista over tilstander det skal hjelpe mot er omtrent alt mellom himmel og jord med. Alkoholisme. Schizofreni. Nikotinavhengighet. Osteoporose. Autisme. Brystkreft. Også viare.

Dette er det neppe vitenskapleg belegg for, og det framstår som ekstremt åpenbart at nettsida på ingen måte er eit fagleg innlegg i debatten, men heller forfatta av stonere som har ei religiøs tilnærming til Planten. Det er graverande, når dei hevdar å vere ei nøytral informasjonsside.

Om ting vert markedsført som mirakelmedisin, så er det stortsett oppspinn. For sjukdomane nevnt over er vidt forskjellige, både når det gjeld mekanisme, resultat og årsak. Då er det relativt lite truleg at ein enkelt medisin skal hjelpe mot alle...