View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av jnf Vis innlegg
Kildefeil og andre informasjonsfeil kan hende, da ber vi dere si ifra. Gjerne legg igjen en kommentar på artikkelen, eller sende oss en epost om feilen(e). Takk
Vis hele sitatet...
Problemet er jo ikkje informasjonsfeil. Problemet er langt meir gurnnleggande enn det; de har ikkje forståelse av medisin, og de har ein argumentasjon som er mildt sagt mangelfull, og de lover langt meir enn kjeldene kan levere. Det øydelegg truverdet.

Det er ein grunn til at leger har fem års utdanning, og ikkje eit ukeskurs i youtube... At de er anonyme om bakgrunnen gjer det heller ikkje meir tillitsvekkjande. Godt tips er at de får tak i kompetanse som faktisk kan vurdere innhaldet, og ikkje er religiøse stonere

Og einaste grunnen til at eg er såpass knallhard i kritikken er at de går svært langt i å anbefale folk å kutte ut kreftbehandling, og heller satse på cannabis. Det er eit drøyt råd, og i mange tilfeller jamgodt med drap.

Men eg har uansett eit konkret spørsmål til deg: etter den kritikken som har komt her: påstår du fortsatt at du er nøytral?