View Single Post
Plar å gi til tiggarar viss eg har ein slant å gi bort. Det er vanskeleg å gå forbi berre sjølv om eg veit at mange av dei er organiserte. Dei må vel ha mat lell? Eg føler dessuten på meg at mange av dei som formaner om organisert tigging og seier dei ikkje vil at pengane skal gå til bakmenn berre slippe dåleg samvit når dei går rett forbi.

Det hender eg stoppar og pratar litt med dei, spør kor dei kjem frå og slikt. Det kan vera artig.

Dei som speler trekkspel må eg berre gi pengar til. Eg liker trekkspel.
Sist endret av Bananmannen; 13. juli 2011 kl. 22:09.