View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Problemet ligg delvis i det at motparten heile tida ser våre kort, og kan tilpasse seg, medan vi ikkje får sjå deira kort før dei ligg på bordet og innsatsen er tapt. Osama kan alltid teste ut flysikkerhet uten at vi får vite det, han kan alltid kommunisere uten at vi får vite det.

Ettersom problemet er at dei veit kva vi gjer, men vi ikkje veit deira tiltak, så burde jo vi satse på etteretning, retta mot det som er trusselen, og ikkje bedrive etteretning mot dei 6 milliardane på jorda som ikkje er ein trussel. Og om ein har solid etteretning, burde det ikkje vere nødvendig å sjå kven som har kommunisert med kven for å finne noko å bure dei inne for. Ei heller bør det vere eit problem for politiet å gå til ein domstol med bevisa sine og få løyve til å ta opp trafikkdata, dersom dei har gode nok bevis.

Eg er bekymra for framtida til sivilisasjonen, fordi dei ekstremistiske får for mykje makt i vesten.

Som Gandhi sa då han vart spurt om kva han meinte om den vestlege sivilisasjonen: Jo, takk. Det ville vore ein god idè.