View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Nei, meiningane dine vert på ingen måte sensurert. Problemet er diskusjonsstilen du har.

Du kjem gjennomgåande med påstandar, utan å argumentere spesielt for påstandane, og du flyttar målpostane. Om du faktisk argumenterer for påstander, bruker litt kjelder, og svarer sakleg, så er det totalt uproblematisk å støtte Trump (eller Hitler). Problemet er måten du gjer det på.

Det gjaldt og den forrige brukeren din. Du kasta ut påstand, og når folk ba deg grunngje den så var svaret 'google it'. Det er ein oppførsel vi har lite til overs for.

T.d kan eg ta det siste innlegget ditt i tråden som eit døme:
Håper parisavtalen går i dass. Større makkverk skal man lete lenge etter. Make America great again!
Vis hele sitatet...
Det innlegget kjem med ein påstand. Påstanden mangler ei kvar form for argumentasjon. Tre setninger om kvifor Paris-avtalen var eit makkverk, så hadde det fått leve. Men det tilfører ingenting å komme med påstanden. Det går ikkje an å debatere ein så generell påstand som du kjem dragande med der, og det minner meir om flamebaiting enn eit ønske om diskusjon. Difor vart den sletta.
Sist endret av vidarlo; 12. november 2016 kl. 12:01.