View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Gelémannen Vis innlegg
Jeg hadde en periode hvor jeg var ganske opphengt i UFO fenomenet samt kornsirkler o.l. Jeg hadde et ønske om at det skulle være reelt.
Vis hele sitatet...
Eg har eit brennande ønske om at vi skal oppdage liv, eller spor av liv, andre plasser enn på jorda. Aktuelle stader er Mars, Europa, og kanskje Venus. Eller - potensielt sett - radiosignal.

Det vil vere tidenes oppdagelse, og liv andre stader vil fortelje oss veldig mykje om oss sjølv, og vi vil få fleire datapunkt for Drake-likninga. Implikasjonane vil vere enorme, og ting som om det har slektskap med livet på jorda, eller til og med brukar samme genetiske kode, vil ha kjempemessige konsekvenser for vår forståelse av oss sjølv, og verda rundt oss.

Men derifra til fantasy-opplegg om aliens som kan reise over interstellare distanser for å deretter lage kornsirkler? Det gjev ikkje meining. Om du hadde sett dei minst intelligente menneske til å finne på ei kommunikasjonsform hadde dei garantert kokt saman ein betre metode enn kornsirkler. F.eks. radio. Eller binærkode. Men neida, korn it is...
Sist endret av vidarlo; 6. mars 2018 kl. 18:46.