View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Anomander Vis innlegg
Kan en slik minisak gå helt til retten? Jeg tviler på det. Advokater og dommere for dette???
Vis hele sitatet...
Om du får eit forelegg, og ikkje vedtar det, så kan politiet ta saka inn for tingretten, ja. Du vil i alminnelegheit ikkje ha rett på forsvarer når det er snakk om eit forelegg som går til retten. Forelegget vil verte brukt som tiltalebeslutning. Kort sagt ein litt forenkla prosess, ettersom strafferamma er såpass liten.

Om politiet ikkje hadde tatt slike saker til retten hadde det i praksis uthula forbodet. Ein kan vere einig eller ueinig i dagens narkotikapolitikk, men reint faktisk har jo eit stortingsfleirtal sagt at det skal vere forbode, og riksadvokaten, som i stor grad set prioriteringane til politiet, lagt til grunn at politiet skal handheve forbodet.
Sist endret av vidarlo; 21. april 2018 kl. 23:38.