View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Ja, du kan krevje tilsvarande spesifikasjoner. Kriteriet for når seljar ikkje treng tilby låneprodukt er at det skal vere urimeleg kostnad. Det er snevert; om du har bestilt håndforgylt telefon vil seljar truleg kunne sleppe unna med å tilby deg ein tilsvarande telefon uten forgylling...

Om det er spesielle eigenskapar som er framheva i marknadsføring som førte til ditt kjøpsval så skal det tilleggjast større vekt enn mindre viktige eigenskapar. Om du t.d. kjøpte telefonen for å vise film på ekstern skjerm kan det vere relevant å krevje at låneproduktet kan det samme. Merk at du ikkje har krav på identisk, kun tilsvarande - t.d. vil du kunne måtte godta ein samsung framfor Motorola om den har sentrale eigenskaper for produktet.