View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av LuxAeterna Vis innlegg
Ser virkelig ikke problemet med chilling effect, snakk så mye om rettigheter dere bare vil men i bunn og grunn er det en demokratisk stat ene og alene som bestemmer hvilken grensekontroll som skal utføres, noe mange andre land kunne lært mye av, hele EU for eksempel.
Vis hele sitatet...
For det første er det heilt meiningslaust å sjekke på grensene. Internett fungerer i USA, og kryptografi er lovleg i USA: Det er følgjeleg umulig for amerikanske myndigheiter å ha meiningsfull oversikt over data som vert transportert ut og inn av landet.

For det andre er det problematisk. Det er ein god del som i kraft av yrket ikkje kan avsløre ting. T.d. leger, advokater og journalister har lovpålagt taushetsplikt. I Noreg hadde du ei sak rundt Rolfsen og eit filmbeslag.

Viare så har journalister vorte stoppa og meir eller mindre trakasserte på grensa. Du har t.d. https://www.theguardian.com/world/20...ained-heathrow og http://www.salon.com/2012/04/08/u_s_...ned_at_border/

Det er svært problematisk om grensekontroll vert brukt for å kneble, slik ein del land ser ut til å forsøke. Det er brei aksept for at tollarar har større adgang til å ransake, og då bør ikkje den aksepten og tilliten tollen har misbrukast til å utvide føremålet unødig.