View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Poenget er at du kan utløyse jordfeilvern. I TN-C vil du ikkje vite om ubalanse på fasane er på grunn av jordfeil, eller på grunn av ulikt fordelt last. I TN-S kan du summere opp L1-L3+N, og straumen vil vere null om du ikkje har jordfeil.

TN-C kan splittast til TN-S i inntaket, og då er det ofte omtalt som TN-C-S.

TN-C er ikkje tillatt brukt utanfor distribusjonsnettet så vidt meg bekjent, og du vil aldri komme over ein installasjon med TN-C. Du kan kanskje komme over TN-C-S; det kan dei som gidder lese NEK400 svare på