View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
For det første er ikkje kreft ein sjukdom, men mange sjukdommer. Det gjer at årsakssamanhenger er komplekst. I tillegg er det ofte mange faktorer, og synergier - som kompliserer det ytterlegare.

Det er ikkje slik at asbest fører til lungekreft, og det er ikkje slik at kreftcellene kjem med hjelpeteksten 'asbest' når du ser på dei i microskop. Men samtidig veit vi - på grunn av undersøkelser - at asbest er kreftframkallande, og at om det ikkje er andre risikofaktorer enn asbest til stades, så er antakeleg asbest grunnen. Difor vil lungekreft for ein som har jobba med asbest verte godkjent som yrkesskade.

Om du ser til USA, så er trenden at skadevolder er ansvarleg om dei heldt tilbake informasjon, og ikkje nødvendigvis om faremomentet var velkjent på tidspunktet for skaden. Det gjeld nok til ein viss grad i Noreg og, men i tillegg har du yrkesskadeordninga som er langt meir omfattande; vert du skadd på jobb har du grovt sagt rett på erstatning.

Så spørsmålet er veldig komplekst, og enkle svar finst ikkje. I sivile saker handler det imidlertid ikkje om å bevise ting, men om sannsynsovervekt. Får ein ikkje-røyker lungekreft etter å ha jobba med asbest er det rimelig ukontroversielt å påstå at det er sannsynsovervekt for at asbest er sterkt medvirkande årsak til skaden, og dermed er beviskravet i ei sivil sak oppfylt.

Kravet om bevis utover rimeleg tvil gjeld kun i straffesaker.
Sist endret av vidarlo; 29. oktober 2016 kl. 00:09.