View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av LuxAeterna Vis innlegg
Så presse bør få tilgang til land på andre premisser enn andre (vet at de til dels gjør det allerede). Men man bør ikke kunne dra pressekortet og slippe unna samme kontroll som andre, og hva slags betydning har det om en journalist må hoppe av snowden-saken, plenty av andre til å plukke det opp og han har jo gitt plenty intervjuer i ettertid selv.
Vis hele sitatet...
Eg argumenterer ikkje for at presse skal få særbehandling i tollen. Eg argumenterer for at innhaldskontroll på dingser kan ha ein avkjølande effekt på myndighetskritikk, og at det er uheldig.

Når det gjeld siste del så var den massive mediedekninga tidleg i saka nok medverkande for at USA ikkje fekk vedkommande utlevert. Og forsåvidt eit godt døme på verdien av ytringsfridom i eit demokrati. Og det er heile jævla poenget mitt: staten har ingen rett til å sjå kva eg skriv eller les, utan forutgåande mistanke. Det er langt meir inngripande tiltak enn om dei sjekker kva eg har med meg i kofferten.
Sitat av LuxAeterna Vis innlegg
Vi snakker ikke om bokbrenning men dersom du har vist interesse for eller har materiale på datamaskinen som kan skade USA så får du snu og reise hjem.
Vis hele sitatet...
Men det er jo heile jævla poenget mitt. Eit viktig prinsipp i eit demokrati er at du står fritt til å kritisere staten. Du bør ikkje bli nekta innreise i USA fordi du meiner Trump er inkompetent! Ei heller skal det få konsekvenser om du påstår at Støre er ein udugeleg partileiar!
Sitat av LuxAeterna Vis innlegg
Alle skal ikke ha fri tilgang i hele verden.
Vis hele sitatet...
No er jo eg prinsipielt tilhengjar av bevegelsesfridom, men godtar innskrenkinger i den. Som eg har prøvd å antyde eit par ganger er problemet at det fort kan få ein avkjølande effekt. Du har stortsett påstått at det kan det ikkje, utan spesielt mykje meir argumentasjon enn det.