View Single Post
Lat meg sitere frå læreplan i samfunnsfag:

Arbeids- og næringsliv
Hovudområdet handlar om næringar, bedrifter, etablering, yrkesval og arbeidsløyse. Det dreier seg òg om organisasjonane i arbeidslivet og lønnsdanning, og om arbeidslivet i dag og dei prinsippa og verdiane det byggjer på.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

finne informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar ho kan reduserast på
diskutere etiske problemstillingar i arbeidslivet
gjere greie for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane og deira plass i arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønns- og arbeidsvilkår
vurdere moglegheiter for og utfordringar ved å etablere ei bedrift og trekkje ut hovudlinene i ein resultat- og balanserekneskap
drøfte verdien av likestilling og konsekvensar av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad
Vis hele sitatet...
Samt

gjere greie for rettane ein har som forbrukar, og diskutere forbrukarens etiske ansvar
rekne ut inntekter, setje opp budsjett for eit hushald og vurdere korleis livssituasjon, sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
Vis hele sitatet...
Om ein får tid til alt dette, saman med alle dei andre måla, på tre timar i veka, er ein heilt annan ting...