View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Folkens. Ta eit steg tilbake.

Om du vil opplyse om at X aldri har vakse opp med husdyr Y - ok. Fint. Det er ikkje spørsmålet her. Sauer og hunder er begge høgareståande pattedyr, og ein diskusjon om kva for eit av dei som er mest verdt bør vere særdeles godt begrunna. Med langt meir enn 'du har åpenbart aldri hatt hund'.

Om du vil opplyse om at ein av partane bør brenne i helvete e.l. så kan du og ta eit pent steg tilbake, og vurdere eige karriereval. Hugs fakta her:
-Bonden hevder at hunden aktivt sprang etter sauer, og at han skaut for å forsvare husdyr.
-Hundeeigar hevder det ikkje var tilfelle.
Det er det som er offentleg kjent så langt. Ikkje noko av det gjev oss grunnlag til å demonisere nokon av partane på den måten ein del ser ut til å ville gjere. Hald deg for god til personangrep på begge. Å påstå at dei handla feil? For all del. Men personangrep? Neitakk.