View Single Post
Trikset med fordjupningsoppgåva er å velge seg ei problemstilling som ein lett kan svare på utan å måtte bruke år og dag på å kome seg gjennom primær- og sekundærkjeldene. Du bør vise at du har lese minst ei bok. Dette kjem du ikkje unna om du vil ha ein grei karakter, og ein norsklærar brukar ca 30 sekund på å sjå om du faktisk har lese det du skriv om. Det er betre å lese ei kort bok og skriv kort og konsist om den, enn å sjå 50 timar TV og skrive langt og oppramsande om det du har sett.

Eg ville styrt unna TV-seriar og samanlikningsoppgåver, då det er vanskeleg å finne gode spørsmål som ikkje krev at du legg ut i ti sider om kva som skjer i serien, boka eller filmen, og slik sikre at ikkje læraren er nær døden av keisemd før du kjem til poenget.

Nokre forslag:
- Kva kan gamle stadsnamn seie oss om utbreiing av den norrøne panteonet?
- Korleis kjem norrøne verdier til syne i Frægd av Lars Ove Seljestad?
- Var talen Maud Angelica Behn heldt i gravferda til Ari Behn retorisk vellukka?
- Kva rolle speler syfilis i Gjengangere av Henrik Ibsen?


Om du absolutt vil samanlikne noko, vel noko som er originalt, spesifikt og relevant for norskfaget:
- Kva skilnader i komposisjon finn ein mellom Klabautermanden av Aksel Sandemose og den danske filmen av same namn?
- Er det skilnader i Loke sine sentrale karaktertrekk i Loketretta og Avengers: Infinity Wars?
- Korleis vert ideen om naturrett spegla i Marki de Sades Filosofi på kammerset og valfritt verk av Ludvig Holberg?
Sist endret av snegler; 17. februar 2020 kl. 09:03.