View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av stepry Vis innlegg
Media slik det er nå er heldigvis i ferd med å dø ut, folk har begynt å se hvor unyanserte de er til tross for at de hevde å være objektive.
Vis hele sitatet...
For det første, så framstår framveksten av det som populært er omtalt som alternative media, som eit problem i så måte. For dei er jamt over ikkje objektive, og har heller ikkje mekanismer for å søke objektivitet på plass.

Eit døme på det var PFU sin gjennomgang av ein artikkel frå bloggen resett.no. Du treng heller ikkje leite spesielt lenge for å finne andre nettsider som får resett til å framstå som rimelig gode på kjeldekritikk og objektivitet...

Klassiske, redaktørstyrte media (som t.d. Aftenposten, NRK også viare) har mekanismer på plass for å sikre ein viss objektivitet. Det vil ikkje nødvendigvis sei at dei ikkje har ei politisk meining, men dei har mekanismer for å sikre at det i minst mogeleg grad påverkar rapporteringa. Dei mekanismane er ikkje perfekte, men dei er der.

Ser vi til tradisjonelle medier her heime, så har dei avslørt fleire kritikkverdige ting det siste året:

Det er eit litt tilfeldig utval. Fleire saker finn du på denne nettsida, og det heller er ikkje ei uttømmande liste. Kva har alternative medier avslørt?

Legg merke til at mange av sakene er svært maktkritiske, og avslører enten direkte lovbrot (som i Tolga-saka) utført av det offentlege, eller systematisk svikt (som i Jenta på broa, Et fengsel i fengselet t.d.), som samfunnet ikkje hadde fått vite om utan at media hadde gravd.

For å sitere WaPo: Democracy dies in darkness.