View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Solarfields Vis innlegg
Joda, sittende regjering gikk i 2014 imot forslaget om forbud om omskjæring for barn under 18år. Så det er klinkende klart at det er sittende regjering som har tillatt dette.
Vis hele sitatet...
Men det blir feil å sei at den sittjande regjeringa har tillete det, ettersom det var lovleg også før det. Dei lot praksis fortsettje som før. Å sei at noverande regjering tillet det er halvvegs å antyde at det ikkje var tillete før; du bør vere litt eksplisitt i ordbruken din.
Sitat av Solarfields Vis innlegg
Selvmotsigende ? Jeg kan jo ikke forklare hvorfor det er slik.. kan du ? Les loven og fortell meg hvorfor regjeringen går imot Norges lov.
Vis hele sitatet...
Om det er straffbart er det ikkje lov. Om det er lov, er det ikkje straffbart.

Og prinsippet er generelt sett lex specialis, altså at ei meir spesifikk lov rangerer over ei mindre spesifikk lov. Vi har ei eiga lov nettopp for rituell omskjæring (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2014-06-20-40), og ergo vil du ikkje kunne argumentere for at det er brot på straffelova.

Mao. er det eit lovleg inngrep, uavhengig av kva som står i straffelova. Regjeringa har på ingen måte gått imot norsk lov her - ei heller Stortinget (som vedtek lover; regjeringa foreslår og handhever dei)
Sitat av Solarfields Vis innlegg
Ærlig talt Vidarlo.. Forsvarer du dette inngrepet ? Hadde du gjort dette mot ditt eget barn ?
Vis hele sitatet...
Herregud. Kan du ikkje lese tråden? Kor i helvete forsvarer eg det? Eg har jo gjentatte ganger sagt at eg er motstander av det, men at argumentasjonen mot det så langt har vore til dels på bærtur. Det har eg påpeikt, og eg har til dels forsvart omskjæring, eller i det minste tona flagg, om saka i ein del land med mykje HIV.

Å komme dragande med straffelov og menneskeretter er ikkje argumentasjon; det er påstander.