View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av A-tillah Vis innlegg
Ifølge WHO er dataspilling en psykisk lidelse. Og Gro Harlem Brundtland er allergisk mot mobilstråling.
Vis hele sitatet...
http://www.medicine.mcgill.ca/epidem...HIV_Uganda.pdf
https://journals.lww.com/aidsonline/...ion_in.18.aspx
https://www.sciencedirect.com/scienc...40673607603122

For å ta dei tre første relevante treffa fra google scholar. At WHO har enkelte idiotiske standpunkt vil ikkje sei at alle standpunkt dei måtte ha er idiotiske. At enkelte personer i WHO har idiotiske synspunkt vil ikkje sei at WHO er idioter.

Sitat av A-tillah Vis innlegg
Og hvordan kan man forsvare at friske barn dør av en komplett unødvendig og barbarisk tradisjon? Og ikke minst begrense nytelsen deres når det kommer til sex-liv i voksen alder?
Vis hele sitatet...
Når det kjem til dødsfall kan det relativt effektivt forhindrast med å gjennomføre inngrepet i medisinsk samanheng. Og som sagt; i ein del afrikanske land kan det vere billeg og relativt effektivt virkemiddel mot HIV-spredning, og difor ikkje verdt å bekjempe - men heller sørge for at det vert korrekt utført.

I Noreg, som eg har nevnt, vil det argumentet falle på nær steingrunn. Eg er heller ikkje spesielt ueinig med deg, men saka er altså hakket meir nyansert enn du gir inntrykk av.

Det er heller ikkje slik at unger døyr i hopetall av det i Noreg. Eg kan finne eitt tilfelle - frå 2012 - der ein unge har døydd av det i Noreg. Det er såpass lite tal, at eg trur det er mange aktiviteter foreldre gjer som har større risiko for akutt død for ungen... Det er truleg eit argument i mange afrikanske land, der tilgang på grunnleggande helsestell er mangelvare. Men igjen; der er og risikoen for dødsfall som følgje av HIV reell; det er den ikkje i Noreg. Så der bør enkel utdanning og tilgang på sterilt utstyr kunne redusere dødstalla rimeleg kraftig...
Sist endret av vidarlo; 20. juni 2018 kl. 00:24. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.