View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av 420master Vis innlegg
Da blir det for dumt, trodde Stortinget i hovedsak stod over Regjering i maktfordelinga, hvorfor sier dem ikke bare GJØR DET?
Vis hele sitatet...
Nei, det er ei tredeling av makta. Stortinget kan instruere regjeringa, innanfor visse rammer, og om regjeringa ikkje vil gjere det stortinget seier, kan regjeringa stille kabinettspørsmål - altså velje å gå av om dei får stortingsfleirtallet imot seg. Då kan stortinget halde fast vedtaket, eller modifisere det.

Viare så har regjeringa tradisjonelt eit visst handlingsrom når det kjem til saker stortinget ber dei om, t.d. her.

Det du bommer fundamentalt på er kor viktig saka er. Svaret er at den er ikkje viktig. Det er for alle praktiske formål ei fillesak, som svært få bryr seg om. At den har fått brei omtale på freak har meir med klienteller her på berget å gjere enn generelle strømninger i folket. Det er ikkje ei sak som engasjerer internt i partia, og det er ikkje stemmesanker, og brukarorganisasjonane representerer relativt få.

Satt på spissen: eg er antakeleg usedvanleg engasjert i legalisering for å hverken bruke narkotika sjølv eller vere pårørande. Eg har argumentert for det, og eg er positiv til det - og eg er ikkje redd for å flagge standpunktet i diskusjoner utanfor freak.no. Men det er ikkje inne på topp ti saker eg vel parti etter. Knapt nok på topp tjue heller.
Sist endret av vidarlo; 26. mars 2018 kl. 23:30.