View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Kva er det du prøver på? Korleis prøver du å åpne fila?

Om du har eit kryptert dokument og ein nøkkel må du først dekryptere dokumentet ved hjelp av nøkkelen. Typisk importerer du den private nøkkelen i gpg-klienten din, og dekrypterer fila.

Typisk skal du heller aldri sende den private nøkkelen til nokon. Du krypterer til andre sin offentlege nøkkel.

Om du kun krypterer til nokon andre sin nøkkel kan ikkje du opne resultatet; du har ikkje den tilhøyrande private nøkkelen. Løysinga på det er å kryptere til sin eigen offentlege nøkkel, i tillegg til mottakar sin.
Sist endret av vidarlo; 10. april 2018 kl. 18:10.