View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Lunat1c Vis innlegg
Du driter deg ut slashdot. Du har null peiling på hva du snakker om, og det eneste du kan argumentere med er "det er ulovlig, sånn er det bare"
Vis hele sitatet...
Nei, det var det nokon andre som prøvde å argumentere med, om du les over ein gang til.

Eg tok til orde mot argumentet om at det bare er å bruke øreplugger om støy er uønska, og det vart illustrert at det er ønskeleg for samfunnet å ha stillhet enkelte plasser og til enkelte tidspunkt.

Eg kan sjå mange gode grunner til at det er ulovleg med motorisert ferdsel i utmark, m.a. hensyn til andre personer, av hensyn til dyrelivet, og av hensyn til utslepp. Kor sårbar naturen er er individuelt, men potensielt kan eit par liter olje på feil plass få store konsekvenser for ein art, om ein har uflaks. Det gjer at eit forbud for meg verkar fornuftig. Nytteverdien med snøscooterkøyring i utmark er vel gjerne ikkje så himla stor, for tar eg ikkje heilt feil er det vel ganske generelle unntak for nyttetrafikk i utmark? For §4C i lov om motorisert ferdsel i utmark seier 'nødvendig person- og godstransport til og fra faste bosteder og i jordbruks-, skogbruks- og reindriftsnæring. Jakt, fangst, fiske og bærsanking reknes ikke som næring i denne forbindelse'

I tillegg gjev ei forskrift endå viare fullmakter. Det kan du lese her.

Kort sagt er nyttetrafikken stortsett lovleg, og det de er ute etter må åpenbart vere å køyre scooter for å køyre, ikkje for eit fornuftig formål... Og sjølv om konsekvensane ved å gjere det lovleg er små, så er nytteverdien for samfunnet liten IMHO, og eit forbod er fornuftig.

Forøvrig kan du legge igjen småvittige personangrep i døra.

Sitat av Lunat1c Vis innlegg
...eller distriktskommunene i Troms og Nordland. Det er så mye skog og natur som ikke blir brukt av skigåere og som i tillegg er langt vekk fra hytter at argumentet MOT skuterkjøring kan rett og slett ikke brukes på generelt grunnlag.
Vis hele sitatet...
Natur som er langt borte fra skigåarar og hytter er gjerne det vi kallar den gjenværande villmarka, som vel er svært viktig for vill fauna i Noreg? Vil vi øydeleggje den faunaen vi har igjen?

Då vil eg heller ha scooterkøyring i områder som allereie er i stor grad påverka av mennesker.