View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Anonym bruker Vis innlegg
Vis hele sitatet...
Uh.

For det første kaster dei ut tall, utan referanser. I tillegg er det ikkje heilt naturleg å ta med f.eks. gullutvinning som energibruk; gullstandarden vart så vidt eg veit avskaffa for ei god stund tilbake.

Det er heller ikkje rett å samanlikne energibruken til ein, relativt liten, valuta som bitcoin om mot energibruken til langt større valutaer. Artikkelen svarer heller ikkje på ting som energibruk per transaksjon, som ikkje er heilt uvesentleg. Bitcoins har trassalt veldig få transaksjoner, samanlikna med f.eks. amerikanske dollar.

Kanskje går det meir energi på å trykke papirpenger enn på bitcoin, men det er irrelevant om papirpengane har mindre energiforbruk per transaksjon (i.e. vert brukt meir enn en gang).

Går ein til Bloomberg-artikkelen står det at Bitcoins p.t. konsumerer 8.27TWh, mens produksjon av papirpenger bruker 11TWh. Om det stemmer er det oppsiktsvekkande. For eit par milliarder mennesker bruker sedler dagleg. Det er ikkje eit par milliarder mennesker som bruker bitcoins dagleg.
Sist endret av vidarlo; 10. desember 2017 kl. 14:08.