View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Las du varsla du fekk?
Bruk en tom USB-flash-enhet med minst 5 GB lagringsplass eller en tom DVD (og DVD-brenner) hvis du vil opprette mediet. Vi anbefaler at du bruker en tom USB-flash-enhet eller DVD, siden eventuelt innhold kommer til å bli slettet.
Vis hele sitatet...
Det er opplyst om det rimeleg greit.

Vel, nok om det. Partisjonen er fjerna, og delar av innhaldet er åpenbart overskreve. Steg ein er å ta ein kopi av disken, og jobbe med kopien. Til å ta kopien kan du nytte t.d. dd_rescue. Deretter bruker du eit høveleg verktøy for å finne data. Eg har sjølv brukt photorec med stort hell. Merk forøvrig at du nesten garantert har mista noko, og at ting som filnavn er bortevekk - du vil sittje igjen med tilfeldig navngitte filer mest sannsynleg. Katalogstrukturer vil også vere bortevekk.

For å gjere dette treng du ca. to-tre gongar så mykje ledig plass som størrelsen på disken - dvs. 2-3TB ledig. 1TB går med til image, og du risikerer ei viss duplisering av ting.

For framtida: ta backup. Disker kreperer regelmessig, og backup er einaste måten du kan unngå å miste data på. For det er garantert at du før eller seinare vil miste alt du ikkje har backup av. Eg snakker av eigen og andre si erfaring.
Sist endret av vidarlo; 2. april 2017 kl. 14:06. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.