View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av bigdaddy Vis innlegg
Hva er østrogenet ditt? Og testoen? Så kan jeg ha et sammenligningsgrunnlag.
Vis hele sitatet...
Grunnen til at det vert operert med intervall er at mennesker er ulike. Svært ulike, til dels.

Det er stor variasjon mellom individ, og tal frå eit anna individ vil ikkje nødvendigvis gi deg nyttig informasjon i så måte. Hormonsystema er komplekse, med mange samanhengar.

Du er veldig opphengt i å kvantifisere deg sjølv på eine eller andre viset, og finne forklaring på kvifor ting er som det er. Det er ikkje alltid så veldig gjennomførbart, og spesielt ikkje med framgangsmåten din - som ser ut til å vere å samanlikne tal utan å forstå kva dei faktisk representerer.

Det beste forslaget er faktisk å ta ein runde med helsepersonell om problema. Ikkje tala, men dei faktiske problema du forsøker å løyse.