View Single Post
Fløytelåt av Jakob Sande

Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage små gutehender.

Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og får døyvde svar
langt borte fra andre grender

Solgylt og djum med ein eim av vår,
slørd som i lengt og vemodig sår,
han skiftande stig og bårar.

Gåta om livet ligg løynd der i
jordbundne krefter som gjer seg fri,
løyst ut gjennom tusen vårar.

Småfuglen lagnar i skogen då,
undrande sit han og lyder på
og gløymer seg lange stunder.

Barnet som stabbar i garden ler,
undrar seg på kva vel dette er
for spelande blankt vedunder.

Frostvar på tun står ein gamal mann,
minnest den gongen då også han
sprang berføtt i fjell og finne.

Tonane leikar i hugen hans
augo står fjerre med dimslørd glans
mot barndomens bleike minne.