View Single Post
Hei!

Til sommaren skal eg melde meg opp til fagprøve for motormann; eg har snart gjennomført Vg1 Tip, Vg2 Maritime fag og to årig læreperiode.

Har lyst å studere ‘ingeniør – marin tekknik(Bachelor)’ på universitet eller lignande studie, med same eller ikkje så ulikt opptakskrav. Opptakskrav HING (GENS) eller på norsk: dokumentert Matematikk R1, (eller Matematikk S1 og S2), og R2 og Fysikk 1.

Det eg lurar på er kva eg skal gjere fra endt læretid til eg startar universitete. Nokon som anar kva alternativ eg har? Ta Gens og realfaga som privatist, søke Gens med fordjupning i realfag på ein vidaregåande skule eller har eg andre alternativ? Nokon som har tips, erfaring, kanskje nokon kan forklare meg kva som er fordelar og ulemper med alternativa eg har. Om eg har noko val her i det heile tatt; eg er forvirra!