View Single Post
Eg hadde/har eit alkoholproblem. Det tok tid før eg innsåg det. Det som hjalp var at madammen satt seg og meg ned, og tok ein skikkelig alvorlig prat. Eg innsåg det endelig etter den praten. Eg kan diverre ikkje hugse kva ho sa, men etter det begynte eg seriøst å trappe ned på alkoholinntaket. Det er ikkje det lettaste eg har gjort.
Men, det å innsjå det var det vanskeligste.

Det finst inga løysning på alkisane sitt problem før dei innser det sjølv. Eg anbefaler å ta ein seriøs prat. Han blir gjerne irritert først, så det er best å gå varsomt fram. Trå forsiktig. Begynn gjerne i det små. Ikkje ta heile praten med ein gong. Også vidare.