View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Angrerett gjeld berre viss du kjøper på nett, på gata eller annan stad utanom butikk. Då skal du også få informasjon om 14 dagars angrerett. Viss du ikkje får informasjon om angrerett, har du eitt års angrerett.

Somme butikkar reklamerer for ope kjøp, "prøv i 30 dagar" eller liknande, men dette er noko dei ikkje er forplikta til etter lova. Det seier seg sjølv at dei ikkje har lyst til å tilby slikt for somme produktgrupper, som til dømes intimprodukt, og du kan difor ikkje etter lova krevje å byte slike produkt fordi det er ope kjøp.

Viss det er noko gale med produktet som gjer at det ikkje fungerer slik det skal, er dette ein reklamasjon - to eller fem år. (Billege øyreproppar har vel nesten garantert to års reklamasjonsrett.) Dette er ein rett du har etter lova. Då spelar det inga rolle om dei er brukt/fulle av øyrevoks.
Sist endret av BrageP; 19. juli 2021 kl. 12:53.