View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Hybrid kombinerer det verste frå elbiler og fossilt. Dei er nyttige dersom du regelmessig må kjøre langt, men til daglig har pendling som er mulig på batteriet. Elektrisk rekkevidde er typisk <100km. Du må betale fulltakst i bomring. Du må vedlikehalde begge drivlinjene, med ulempene frå begge - t.d. at du ikkje bruker bremsene, og må skifte skiver.

Du skal inn og ut av Oslo. Dvs. at du med elbil sparer 18,- eller så per passering i bomringen. I tillegg har du årsavgift. Dei to tinga til saman utgjer ca. 10k i året. I tillegg er det jo flagga meir eller mindre åpent at Oslo lukter på restriksjoner i bykjerna på fossilbiler.

Viare så vil pendlinga med elektrisitet koste deg noko slikt som 35-40kWh for dag. Det er 40,- i elektrisitet om du lader heime. Tilsvarande vil med fossilt drivstoff koste deg 180,- i bensin om du har ein bil som bruker ein halvliter på mila. I sum vil det sei at du kun der sparer over 30k i året på elbil. I tillegg kjem ting som årsavgift, reduserte verkstedsutgifter også viare.

Det du sparer kan finansiere eit relativt stivt billån og lader heime på veggen.