Tråd: Vaksinepress?
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Junkie Vis innlegg
Det jeg selv tror er personlig, jeg har ikke sagt at det er korrekt og at jeg ikke vil forandre mening senere, det er et vanskelig spørsmål og jeg er derfor jeg ikke er soleklar og konsekvent. Prinsippet ligger ikke i å ikke ta vaksine, men å kunne velge det selv uten press. Det tror jeg er veldig viktig.
Vis hele sitatet...
Herrejesus.

Tingen er at vaksiner funker. mRNA-vaksinene mot covid-19 funker. Dei gjer at vi no kan ta kollektivtransport, få klipt håret også viare. Kort sagt; dei tillet ein meir normal kvardag.

Nedstenginga har hatt konsekvenser. Reiserestriksjonane har gjort det vanskelegare for norske firma å eksportere, møte kunder, og importere. Ein del har reiseverksemd som vesentleg del av kvardagen. Folk har vorte permiterte i mange bransjer.

Og vi har ei løysing på det problemet: vaksiner. Men du vil ha deg fråbeden press? Det er faktisk for dumt. Sjølvsagt vil majoriteten i samfunnet presse på for det dei opplever som det beste - og samtidig har myndigheitene vore klokkeklare frå dag ein om at vaksiner er frivillig i Noreg.

Kva faen meir spør du etter? At folk skal vere likegyldige til om dei har jobb i neste uke? At dei skal vere likegyldige til om dei kan gå på kino med venner? At dei skal vere likegyldige til om dei kan ta buss uten å tenke på avstand?

Innlegget ditt er hinsides arrogant, og du ser tydelegvis ikkje lenger enn til eigen nasetipp i ropet ditt om press.