View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av 420master Vis innlegg
Så vidt jeg skjønner så har ikke sivilt politi lov til å holde på sånn som dette, men uniformert politi kan???
Vis hele sitatet...
Tenestehandlinga er å kleppe på vedkommande handjern og arrestere han. Dei har ei plikt til å identifisere seg som politi umiddelbart etter at det er gjort, og oppgi navn og tenestestad om den personen det gjeld spør om det - så langt tenesteforholda tilseier det.

Vi får anta at politiet opplyste om at dei var politi i det handjerna var på plass. Då har dei oppfylt lovkravet. I praksis kan dei avvike det om det er saklege grunnar frå å fråvike det, som angitt.

Forøvrig er ikkje det direkte frå politiloven, men derimot tenesteinstruksen til politiet, som har rang som forskrift.
Sist endret av vidarlo; 24. april 2018 kl. 07:17.