View Single Post
Det er veldig bra at eksponeringsterapien reduserte angsten. Eg er 34 år og midt inni ein angstprosess sjølv, så eg har ikkje alle svara, men eg trur kanskje eit viktig steg er å læra seg å leva med angsten. Då blir han automatisk mindre viktig og mindre kraftfull. Han er der, men er ikkje lenger sjefen din.

Og korleis skal du læra det? Det viktigste er kanskje å ha innstillinga "Angsten skal ikkje vekk, men skal heller ikkje styra." Dei konkrete stega fylgjer ut frå den haldninga. Dei stega er individuelt betinga, men eg har eit par tips i alle fall.

Noko livet har lært meg er at det er stor skilnad på psykologar. Du må kanskje prøva nokre før du finn ein som er varm og vis (og kompetent) på ein måte som når inn til deg. Høyr både på magekjensla og vettet, den "terapeutiske alliansen" er svært viktig for at terapi funkar.

Eg las nyleg The Body Keeps the Score av Bessel van der Kolk. Du nemner ikkje konkrete hendingar, men det er nærliggjande å tru at det er traumeliknande mekanismar som held liv i angsten—om ikkje anna, så det gjentakande "minitraumet" det er å vera i sosiale situasjonar som gjer deg skrekkslagen. Denne boka gjev innblikk i korleis det funkar på eit biologisk nivå, konkrete tips til å justera livet, og oversikt over uvanlege, men vitenskapeleg solide, behandlingsmåtar (fordi mainstream-terapi og -psykofarmaka rett og slett ikkje funkar for svært mange). Eg skal prøva nevrofeedback no i august, med mål om å redusera "arousal" og læra å leva utan konstant "fight, flight or freeze".

Til slutt, øh, vil eg ikkje sjå ut som "nyfrelst på psykedelika", menneh, du kan vurdera ein ayahuascaretrett i Oslo med for eksempel Inner Mastery. Vi har diskutert akkurat denne gruppa i tråden Ayahuasca seremoni/senter/retreats i Europa men det finst andre i Europa. Psykedelika gjev deg innsikt i eigen tankeaktivitet og kraft til å endra inngrodde mønster, og ayahuasca er mild, men streng. Du treng nok god rettleiing for å få terapeutisk verdi, du bør ikkje kjøpa det på gata og rusa deg heime.

Edit: eg gløymde det viktigaste tipset, nemleg mindfulness. Det er essensen i at "Angsten er til stede, men styrer ikkje". Her også finst det eit utal gode vegar, men eg har fått mest ut av The Presence Process av Michael Brown og veiledningsgruppene i samband med Acem-meditasjon.
Sist endret av Stor gutt; 27. juli 2018 kl. 08:41. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.