View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Kloakk Vis innlegg
Jeg er ca like smart som en pose twist, men jeg er veldig opptatt av pH(brygger øl), har du mulighet til å forklare hva den formelen går ut på?
Vis hele sitatet...
Kva for ein av dei?

Never mind, la meg forklare begge.
M1·V1=M2·V2 seier kort sagt noko om forholdet ved ei fortynning. M1 er molar konsentrasjon før fortynning, og M2 etterpå. Molar konsentrasjon er mol per liter av det du er interessert i. V1 og V2 tilsvarande for volum - i liter. Det er strengt tatt ganske opplagt. Har du ti liter av ei løysing med 1 mol per liter, så har du 10 mol av det stoffet. Fortynner du til tjue liter, så har du fortsatt 10 mol av stoffet du er ute etter - men fordelt på 20 liter, og ikkje ti liter. Det gir molar konsentrasjon på 0.5 mol/liter.

For banal innføring i mol, sjå denne tråden.

Den andre er den tekniske deinisjonen av pH, som er aktiviteten til H+-ioner i ei løysing. Ei syre løyst i vatn vil protolysere, dvs. mengda frie hydrogenioner du har i løysinga.

Det at det er snakk om svake syrer som ikkje protolyserer fullstendig vil truleg rote til ting om du ikkje jobber innanfor eit relativt avgrensa spekter. Med sterke syrer (og baser) kan du i prinsippet plugge inn tal og få relativt rett resultat.
Sitat av Kloakk Vis innlegg
Såvidt jeg har forstått er alkalitet og total hardhet eseensielt for å kunne beregne pH. Tar jeg feil her?
Vis hele sitatet...
pH er enkelt og greit eit mål på tal H+-ioner du har. Ei sur blanding vil ha mange fri ioner.
Sitat av Kloakk Vis innlegg
Er alkalitet og total hardhet en del av formelen du henviser til?
Vis hele sitatet...
Nei. Har du alkalisk vatn vil ikkje vatnet ha pH på 7. Det må du ta høgde for sjølv.

Og igjen; det er ein del år sidan eg tok i kjemi. Myoxo må gjerne korrigere meg der eg bommer!